Knivsflå

Knivsflå ligg på ei fjellhylle like ved Dei sju søstre i Geirangerfjorden. Før dei vart omdøypt, heitte då også desse fossane for Knivsfossane. Garden ligg på omlag same høgde som nabogarden på andre sida av fjorden, Skageflå. Garden er gamal, og er nemnt i skriftlege kjelder alt i 1603. Den gongen var Knivsflå øydegard.

Det tyder på at garden kan ha vore rydda mange generasjonar tidlegare. I eldre tid gjekk Knivsflå for å vere den beste garden i Geirangerfjorden. Garden ligg i solhellinga. Det blir tidleg vår der og beiteforholda er framifrå. På det meste kunne garden fø 15-18 kyr og opp mot hundre geiter. Garden hadde også korn til eige bruk. Sjølv i dårlege år hadde folket på Knivsflå rikeleg mat.

Meir enn på andre fjord- og fjellgardar har ulukker og tidleg død prega livet på Knivsflå. På 40 år frå 1831 omkom fire menneske, to døtre på garden og ein dreng og ei tenestejente. Den siste som omkom var Oline Marte, 15 år. På veg heim frå setra ein dag skulle ho ta ein snarveg over elva ovanfor Dei sju systre. Med mjølkebøra i handa fall ho utfor stupet og omkom. Terrenget garden ligg i er farleg, med sine stup og bratte elvafâr, men det var rasfaren som gjorde at Knivsflå vart fråflytta så tidleg som i 1898. Då vedtok herradsstyret i Sunnylven kommune at ein trugande fjellhammar ovanfor garden gjorde det så farleg for dei som budde på Knivsflå at dei måtte flytte. Hammaren heng der den dag i dag. Sjølv om folket flytte inn til Geiranger, vart dei to gardsbruka på Knivsflå brukt til slåttemark heilt opp til 1960-åra. Høyet vart tørka på Knivsflå, frakta ned til sjøen på løypestrengar og rodd inn til Geiranger, der husdyra sto. På det meste måtte dei bruke sju løypestrengar for å få frakta høyet frå setra og ned.

Storfjordstemne vart arranger på Knivflå i 2005.


 Meir informasjon

Galleri Knivsflå              Rapportar
Galleri Knvisflå
Storfjordstemne 2005

 

Storfjordens Venner