Fjordgardar

I Storfjorden med fjordarmane Tafjorden, Sunnylvsfjorden og den slyngande Geirangerfjorden, har samspelet mellom is, berggrunn og fossande vatn forma eit fjordlandskap med unike og verdskjende kvalitetar. I dei bratte fjordsidene, på rassikre hyller ligg ei rekkje gamle fjordgardar av stor kulturhistorisk verdi. Samspelet mellom natur og kultur gir området særpreg og store opplevingskvalitetar.

Storfjordens Venner har på mange av fjordgardane gitt tilskot til vedlikehald, vore rådgjevarar og koordinert dei ulike oppgåvene. Gjennom praktisk arbeid har vi i lag med våre samarbeidspartnarar, tilbakeført bygningar til den stand dei ein gong var i.

Sjå galleriet

Storfjordens Venner