Meld deg på nyhendebrev

Møte med Norsk Kulturminnefond
Written by Asgeir Kvernberg   
Friday, 25 September 2009 18:00

mote-med-jon-suulStorfjordens Venner møtte Norsk Kulturminnefond ved dagleg leiar, Jon Suul, for å snakke om prosjekt og organisasjonsutvikling. Frå Storfjordens Venner møtte leiar Asgeir Kvernberg og nestleiar Ingrid Løset.

 

Kulturminnefondet er ein viktig medspelar for oss, både økonomisk og fagleg. Vi diskuterte spesielt kvernhuset på Seljeflot i Oaldsbygda. Storfjordens Venner har fått solide tilskot frå Kulturminnefondet til fleire prosjekt opp gjennom åra, og skal vere aktive søkarar vidare framover. Kulturminnefondet har kontor på Røros, og fordeler avkastninga frå fondet til ulike kulturprosjekt.

Muligheten for å styrke administrasjonen vår og vidareutvikle foreininga var også tema. Jon Suul kom med nyttige innspel og utfordringar til vidare arbeid i styret. Det var som alltid nyttig og interessant møte med Kulturminnefondets Jon Suul.