Meld deg på nyhendebrev

Heidra av Rotary
Written by Helge Søvik   
Thursday, 05 November 2009 16:11

Atle Ringseth (til venstre) og Øyvin Grimnes med heidersteikn frå Rotary.To Storfjordens Venner-veteranar var i helga mellom personane som vart heidra med Rotary sitt høgste heidersteikn, Paul Harris Fellow. Det skjedde i samband med at Rotary-klubben på Stranda markerte sitt 50-årsjubileum.

 

Ole Gjerde har vore medlem i Stranda Rotary sidan klubben vart skipa i juni 1959. Han har lang fartstid i skuleverket, som lærar, undervisingsinspektør og rektor, og har også gjort teneste som konsulent ved Stranda skulekontor.

Storfjordens Venner er ein stor organisasjon som svært mange på Sunnmøre og i landet elles kjenner. Mykje av årsaka til dette, meinte Øyvin Grimnes, skuldast i første rekke innsatsen til to personar, Karl Mjelva og Atle Ringseth, som meir enn andre fortener stor takk for at organisasjonen kom til - og arbeidet som sidan har vorte utført.

Atle Ringseth har vore prosjektleiar sidan 1980. Basisen for arbeidet hans er ei unik gjennomføringsvilje og gjennomføringskraft, sa Grimnes, og nemnde Ringseth si store evne til å skaffe nødvendige midlar til dei ulike arbeidsoppgåvene - og knyte til seg dyktige handverkarar.

Frå venstre: President Øyvin Grimnes i Stranda Rotary, Ole Gjerde og Karl Mjelva, som vart heidra med Paul Harris Fellow-diplom og jakkemerke, distriktsguvernør Asbjørn Norberg.Sidan Karl Mjelva tok over drifta av Union Hotel i 1965 har han fornya, bygd ut og utvikla hotellet. Betre enn andre har Mjelva forstått verdien av å utvikle Geiranger og distriktet rundt som merkevare.

Øyvin Grimnes ramsa opp Mjelva sine mange oppgåver innan organisasjons- og næringslivet, og gløymde ikkje at han tok initiativet til skipinga av Storfjordens Venner, og var idémakar og tilretteleggar for kongeparet si sølvbryllaupsfeiring på Skageflå i 1993. For sitt omfattande virke vart Karl Mjelva i 2003 heidra med Kongens fortenestmedalje i gull.

Karl Mjelva og Atle Ringseth er heidersmedlemer i Storfjordens Venner. Ringseth var forhindra frå å delta på jubileumsfesten, men fekk diplom og jakkemerket utdelt heime i Liabygda måndag.